[Olug-list] Økonomiapplikasjona r for Linux

Roy-Magne Mo rmo at sunnmore.net
Tue, 3 Jan 2006 12:32:46 +0100


Hei,

Ein av fordelane ein har ved å starte nytt firma, er å velge
rekneskapsystem og økonomiapplikasjonar. Valet står stort sett mellom
pest og kolera, enten så blir ein fullstendig låst fast i ein
windows-applikasjon eller ein bygge på eit større system og bruke mykje
pengar på det. Alternativt kan ein sjølvsagt bygge noko frå grunnen av
som gjer akkurat kva ein vil, men det er sannsynlegvis den sikraste
måten å miste fullstendig fokus på :( 

HansaWorld har rekneskapsprogram på norsk for Linux av alle ting, men
eg veit ikkje om eg heilt likar at dei til stadigheit poengterar at dei
har ein properitær database i botn - så det er fort like ille som
windowsapplikasjonane... 

Nokon som har praktiske erfaringar her? 

Alternativt har ein slikt som:
* SQL-ledger (http://www.sql-ledger.com/), men det virkar noko enkel. 

* TinyERP (http://www.tinyerp.com/), supportmodellen virkar litt fishy 
  - og den er full av fransk ;) - men den brukar mykje greie grensesnitt
  å programmere mot.

* Compiere (http://www.compiere.org/) - ser ganske voldsomt ut, krever
  Oracle. 

Er det fleire alternativ? Er det nokon som har brukt desse tre som
økonomiapplikasjon/rekneskap/faktura/CRM/ERP osv? 

Eg reknar uansett med at det vil koste både tid og pengar å gjere ein
implementasjon, men då er det i det minste greitt å ta eit rett val til
å begynne med :) 

-- 
Roy-Magne Mo