[Styret] Ein ny måte å plukke tema til møta?

Alf Kristian Bjordal alf at bjordal.info
Mon Aug 21 18:33:13 CEST 2006


On Sun, Aug 20, 2006 at 07:37:13PM +0200, Roy-Magne Mo wrote:
> La oss f.eks. ta å samle ein del forskjellige tema, så kan vi poste
> meldingar til olug-lista med ein laus agenda. På denne måten kan
> vi kanskje frå styret si side vere ansvarleg for å samle emna, så kan
> enkelte presentere kort korleis dei har løyst dei forskjellige ting.
> Styret vert også ansvarleg for å samle ein presentasjon/dokumentasjon av
> møtet. 
> 
Jau, forstår det som at du tenker å få i gang litt diskusjon via olug-lista og invitere/overtale enkelte av dei mest engasjerte til å ta ein liten presentasjon i det påfølgande møtet(?). Vil det fungere å få satt i gang ein diskusjon basert på ei liste med mange mogelege tema? Kan det evt. vere ein fordel å velge ut eit konkret tema per månad (til dømes overvaking) og be om tilbakemelding på korleis folk har løyst dette i forhold til sine behov framfor å ha mange alternative tema?

Tenker du forresten å la dette vere tema for heile møtet, eller delar av møtet?

Sidan du var på ferie då det var styremøte kan ein jo nemne at Brumle (trur det var Brumle i alle fall) påpeika at det var bra oppmøte på Asterisk-møtet, og at det kanskje betyr at det er lettare å få folk til å møte opp når ein lokkar med lab-aktivitetar i staden for foredrag, der ein kanskje i større grad blir passivisert..

( Sidan ingen andre har kommentert :)

-Alf-




More information about the Styret mailing list