[Styret] Ein ny måte å plukke tema til møta?

Roy-Magne Mo rmo at sunnmore.net
Mon Aug 21 23:21:42 CEST 2006


On Mon, Aug 21, 2006 at 06:33:13PM +0200, Alf Kristian Bjordal wrote:
> Jau, forstår det som at du tenker å få i gang litt diskusjon via
> olug-lista og invitere/overtale enkelte av dei mest engasjerte til å
> ta ein liten presentasjon i det påfølgande møtet(?). Vil det fungere å
> få satt i gang ein diskusjon basert på ei liste med mange mogelege
> tema? Kan det evt. vere ein fordel å velge ut eit konkret tema per
> månad (til dømes overvaking) og be om tilbakemelding på korleis folk
> har løyst dette i forhold til sine behov framfor å ha mange
> alternative tema?
> 
> Tenker du forresten å la dette vere tema for heile møtet, eller delar
> av møtet?

Omtrent, men ramene må definerast ganske tett slik at ein skaper eit
definert løp. Slik veit ein bedre korleis ein kva ein kan forvente og
kva innhald det er i møta. På denne måten er det enklare å også levere
matriell. 
 
> Sidan du var på ferie då det var styremøte kan ein jo nemne at Brumle
> (trur det var Brumle i alle fall) påpeika at det var bra oppmøte på
> Asterisk-møtet, og at det kanskje betyr at det er lettare å få folk
> til å møte opp når ein lokkar med lab-aktivitetar i staden for
> foredrag, der ein kanskje i større grad blir passivisert..

LAB-møter er mykje arbeid å få til og krever då eit heilt bestemt
opplegg der målet er å få heve kunnskapen rundt eit bestemt emne.

-- 
Roy-Magne Mo




More information about the Styret mailing list