[Styret] Installasjonskveld i samarbeid med Ping...

Joachim Mæland joachim at profine.net
Tue Feb 7 16:43:31 CET 2006


Joachim Mæland wrote:

> Ønsket er at OLUG samarbeider med Ping om en installasjonskveld for 
> studenter på UiO. Distroen som får hoved fokus i markedsføringen er 
> Ubuntu. Datoer som diskuteres er mandag 13 eller torsdag 16 februar. 
> Ping/UiO stiller med lokaler og nettverk, vi må stille med folk og 
> gjerne speilet til Knut...

Ping valgte mandag 13/2, som det fremkommer av nedenstående epost..

 > Frivillige så langt er: Knut, Hector og undertegnede.

Hucker er et positivt bidrag på listen over frivillige...

Jeg griper fatt i plakaten i løpet av kvelden.

KID: Tror det er lurt å ha med speil uansett, om du ikke plages altfor 
mye...

Dette er eposten jeg fikk fra Pål...:

> Hei Joachim og Ping!
> 
> Har vore på Ping sitt styremøte i dag kl 14.00. Der vart det vedteke å ha installasjonskveld måndag 13.02.2006 kl. 19.00. i Ping sine lokaler.
> 
> Speil var ikkje naudsynt.
> 
> Plakaten bør innehalde at dei bør ha sikkerheitskopi av viktige filer før dei kjem, den bør vere delvis på engelsk. Det bør presiserast at me hjelper til med installasjon på private maskiner, både bærbare og stasjonære PCar.
> 
> Adressa er Preklinisk Odontologi, rom 125, med kartnummer 16 på denne sida:
> http://www.uio.no/om_uio/kart/gaustadblindernnr.html
> Sjå også: http://www.ping.uio.no/%7Emortehu/kart_mono_small_legend.png
> 
> For dei som ikkje er så støe i kartlesing så er det fint om du skriv med store bokstavar Library/Bibliotek på hus nr. 27 (Georg Sverdrups hus på kartskissa).
> 
> Logoen til Ping er vedlagt, kan du fikse Ubuntu og OLUG logoen? Ping sa seg samd i at OLUG er med på å arrangere dette, så du kan skrive at det er i regi av Olug og Ping. Dei sa at dei kom til å stille med i alle fall 5-6 stykkjer, så det er kanskje nok med ein 2-3 stykkjer av dykk.
> 
> Ping sa at dei ville lage ein 20 A4 enkeltkopiar med ekstremt lettfatteleg informasjon om korleis koma seg på trådlaust nett, kabel nett, samt få lasta ned oppdateringar pluss billege penner for dei som treng å notere noko. Dei legg vel ved ei kvalitetskontrollert lenke til UbuntuGuide, Ubuntuforums og evt. IRC kanalen slik at dei kan få litt brukarhjelp heilt i starten. Dei vil hjelpe folk til å få opp trådlaustutstyret i ein gang i bygget.
> 
> Me vart samde om å unngå dual boot med Windows, så her er det enkelt og greitt Ubuntu som vert tilbydd. Det er ei betre løysing å installere Automatix, så får dei mest musikk og videoavhengige likevel gode mulegheiter.
> 
> Når du har fått ferdig plakatane så kan eg møte deg for å hente dei, eller du kan koma innom UiO sitt hovudbibliotek og spørje etter Pål Lykkja, evt. be dei levere dette og seie det hastar. Eg tek tre store bygg (HF og SV, samt biblioteket), Ping heng opp resten i ulike bygg på Blindern. Denne kvelden er for studentar og tilsette ved UiO. Fint om du finn litt brune ubuntufarger på plakaten.
> 
> Tusen takk!
> 
> Venleg helsing Pål Lykkja


Med vennlig hilsen
for OLUG

Joachim Mæland
sekretær




More information about the Styret mailing list