[Olug-list] Endringar på lista?

Per Inge Oestmoen pioe@coldsiberia.org
Sun, 27 Apr 2003 03:31:03 +0200


Roy-Magne Mo wrote:

> On Sat, Apr 26, 2003 at 09:57:52PM +0200, Kjartan Kvassnes wrote:

>>I $2 Medlemskap i OLUGs vedtekter heter det at blant annet at 'Det
>>stilles ingen krav til erfaringsnivå eller kompetanse'.

> Kva skal vere formålet med olug då? Eit alternativ til
> Dataamatørforeningen? Eit supportforum for brukarar som ikkje veit
> forskjell på root og vanlege brukarar? Eit tilhaldsstad for mennesker
> som syns linux er kult, men brukar windows til dagleg? 

No trur me vel ikkje at det er ein einaste her som ikkje veit om den 
skilnaden. Elles er det vel eit ønske for dei fleste i OLUG å få 
fleire til å gå over til Linux? Eg kjenner meg ikkje nett overtydd om 
at dei tankane du her kjem med er til stor hjelp for dei mange som 
gjerne vil bruke Linux. Det er sikkert mange som er brukarar av 
Windows på jobben og Linux heime, og ikkje er det lett å skjøna at det 
kan vera noko gale i å gje hjelp som kan få desse til å gjera det 
valget å gå meir og meir over til Linux både på jobben og elles.

Om ikkje dei som har starta med Linux kan koma til OLUG med det dei 
lurer på, kvar skal dei då gå? Skal dei kanskje gå attende til Windows 
berre for at ikkje du og dei (særs få) som tenkjer som deg skal 
belemrast med brukarar som ikke har den kompetansen og den erfaringa 
du meiner dei bør ha før dei kan få lov å skrive noko her? Det er 
trist å seia det, men den måten du snakkar om andre Linux-brukarar på 
er ikkje god medisin for å auka andelen av dei som brukar Linux.

> Med ein slik tankegang velger ein å ekskludere det som er dei dyktige
> menneska i linuxmiljøet. Og ja, det er mange dyktige mennesker på lista
> her, men kva godt er det å diskutere dualbooting av windows i det
> uendelege? 

Kva ventar du at ein skal svara på dette? Om det faktisk er slik at 
dual booting er noko folk driver med, så er det vel naturleg at det 
vert diskutert?

> Sjå på andre Linux User Groups, BLUG har samlingar der ein tek opp
> relativt avanserte emner? OLUG er stort sett berre ein søndagskule for
> linuxfolk. 

Er du heilt sikker på at du ikkje no legg opp til eit problem som i 
røynda er ikkje-eksisterande? Her på OLUG bør det vera mogeleg å 
spørja om alt frå dei mest avanserte sakene til heilt banale ting som 
ein gjerne kjem bort i når ein byrjar med Linux. Det er ikkje heilt 
lett å skjøna korleis dei som nyleg har starta med Linux nokon gong 
skal verta "avanserte" om det ikkje vert godteke at dei som ikkje enno 
er komne så langt tek opp tinga sine på OLUG-lista. Om du meiner at 
dyktige menneske vert pressa ut av di det diskuterast elementære 
oppgåver som ein mange Linux-brukarar må løysa til dagleg, verkar det 
som om du har rota deg eit godt stykke inn i tåkeheimen. Ut fra det du 
no har kome med, kan det sanneleg diskuterast kven det er som vil 
ekskludera kven.

> Ja, eg ville faktisk at ei slik posting som du hadde her, med ein MUA
> som ikkje klarar å følge netikette i det heile tatt, hadde vorte
> effektivt meldt av lista. 

Er du sikker på at kva du her oppmodar til er rett måte å løysa 
problemet på?

> Å akseptere at folk ikkje innrettar seg etter køyrereglane er ikkje å
> vere snill med folk, snarare å gjere dei ein bjørneteneste.

Akkurat dét trur eg knapt at det kan vera nokon større usemje om, men 
om du meiner at dette er eit stort problem er det da ingen ting som 
held deg frå å setja ting på plass andsynes den det gjeld? Eg minnes 
ikkje å ha sett deg seia i frå når du meiner at nokre deltakarar har 
brote mot desse reglane. Om du er misnøgd med andre si framferd er det 
berre å seia med ein gong kva du meiner, i staden for å koma i 
etterhand med negative utsagn som i alle høve ikkje er noko 
konstruktivt innspel om du vil ha høgare kvalitet på OLUG-lista.

Per Inge Oestmoen, Norway